HIIT
HIIT = Høg intensitet intervall trening. Her nyttar ein egen, kroppsvekt, slidepads og anna utstyr for ei intensiv intervalløkt. Du får trent kondisjon, hurtighet, styrke og spenst gjennom ulike tidsintervallar.
HIIT = Høg intensitet intervall trening. Her nyttar ein egen, kroppsvekt, slidepads og anna utstyr for ei intensiv intervalløkt. Du får trent kondisjon, hurtighet, styrke og spenst gjennom ulike tidsintervallar.
Sykkeløkt for deg som ønsker ei god økt og er resultatorientert. Timen har ulike intervalldrag fra 30sek til 5min. Timen køyres på wattbasert løypeprofil. Med watt er det lettare å styre intensitet og måle resultat. Last ned "Mywellness" app, lag profil og ta med mobilen til timen.
God gammaldags sirkeltrening for heile kroppen som gir deg smilepuls. Passar for deg som ynskjer ei hard og effektiv treningsøkt der du blir sterk i heile kroppen. Du får både kondisjon og styrketrening på ulike stasjonar.
Ein effektiv og variert styrketime med fokus på core, rumpe og lår. Ein nyttar både minibands, vektstong, manualar, strikk og step for å få ei god økt.
Fengangde musikk og mykje treningsglede gjer step til god uthaldstrening med enkle trinn og kombinasjonar. På denne timen jobber man etter blokk prinsippet.
Ein kombinasjonstime der det vekslast mellom enkel uthaldstrening på stepkasse og styrketrening med kroppsvekt og vekteskivar. Med energisk musikk og engasjert instruktør får du ei kjekk og effektiv kondisjonsøkt.
StepPuls skal være enkelt og hardt. Ein uthaldstime med høg intensitet der ein trenar med enkle og effektive trinn på stepkassa. Med energisk musikk og engasjert instruktør får du ei kjekk og effektiv kondisjonsøkt. På denne timen jobbar man med vers/refreng.
Låg intensitetstime med vekt på kondisjon, lett styrke- og rørsletrening til musikk. Passar for deg som ikkje har trena mykje og i samband med opptrening.
Grønn trinn og kombinasjostime der ein trenar uthald på step den fyrste delen. Deretter er det ein blå del med styrketrening på store muskelgruppar. Energirik økt kor du får trent uthald og koordinasjon gjennom dynamiske bevegelsar, samt får styrka kroppen og gjer den sterk.
Gjennom ulike treningsmetodar og fokus på teknikk, trenar du hovudsakleg 8-12 repetisjar og 3-5 seriar. Ein nyttar blant anna vektstong, manualar og kroppsvekt der målet er å bli sterkare og få ein betre kroppskontroll.
Sykkeløkt for deg som ønsker ei god økt og er resultatorientert. Timen har ulike intervalldrag fra 20sek til 5min. Timen køyres på wattbasert løypeprofil. Med watt er det lettare å styre intensitet og måle resultat. Last ned "Mywellness" app, lag profil og ta med mobilen til timen.
Eigentrening i Sogndal Idrettshall. God skånsam uthaldstrening. Belastninga på kroppen reduserast i vatnet, og symjing passar derfor også fint som aktiv restitusjon og i forbindalse med opptrening.
Enkel, effektiv, variert og funksjonell intervalltrening for styrke, spenst og kondisjon. Kvar tabata er 20 sek arbeid og 10 sek kvile i åtte omgangar, totalt 4 min. Timen består av 6 tabataer.
Denne timen er i regi av frisklivssentralen. Det vil være helt enkle styrke- og kondisjonsøvelser. Denne timen passer for deg som vil komme i bedre form utendørs. Oppmøte ved Sogndal helse og omsorgssenter.
Lågterskeltime i vatn der du skånsamt trenar uthald og styrke til musikk. God moglegheit for å styra intensiteten til ditt nivå. Timen passar godt for personar som er nybyrjarar, har muskel -og skjelettplager eller er under opptrening. Timen er i regi av frisklivssentralen.
Ein energisk, morosam og effektiv uthaldstime der heile kroppen vert brukt. Timen består av ulike dansestilar til latinoinspirert musikk. Du bruker masse energi samtidig som du har det gøy!