Treningsrettleiing

Treningsrettleiing

Vi på Idrettssenteret er opptekne av at du som medlem skal få mest mogeleg ut av medlemsskapet ditt. Som medlem her hjå oss har du krav på gratis treningsrettleiing der du får hjelp med å skreddarsy trening som er tilpassa deg og din livsstil.

Du kan avtale eit møte med ein treningsrettleiar der de i samråd set opp eit treningsprogram som er tilpassa nettopp deg. Første del av møte består av eit intervju der treningsrettleiaren vår vert betre kjend med deg og din situasjon. Ut ifrå denne informasjonen set ein opp eit treningsprogram til deg. Deretter går de igjennom dei apparata og øvingane som du bør gjere for å få mest mogeleg utbytte av treninga di.

Ditt individuelle treningsprogram kan òg inkludera ulike gruppetreningstimar eller kombinera programmet ditt med utandørs trening. Som heilårsmedlem har du, i tillegg til gratis oppstartsprogram, tilbod om gratis oppfylgingstimar. Det er viktig å få oppfylging på den treninga ein held på med - ikkje minst for å forsikra seg om variasjon i treninga.

Variasjon er eit viktig treningsprinsipp, det å variere er ofte morosamt og dermed hindrar at ein vert trøytt og lei trening. Forsking innan idrett viser at ein oppnår ein betre effekt av treninga om ein med jamne mellomrom gjer endringar i programmet.

Idrettssentret kan tilby treningsrettleiarar med utdanning innan idrett og trening. Dei har alle teke, eller driv på med siste året av ei treåring idrettsutdanning ved HSF, eller har teke høgare idrettsutdanning ved universitet.

Kom innom å ta kontakt med instruktørane våre og få eit skreddarsydd treningsprogram som passar for deg!

Avdeling Sogndal

Mån og ons  kl.7-22
Tys og tors         kl.8-22
Fre            kl.7-21
Lør  kl.10-17 
Søn kl.13-19 

 


  

 

Avdeling Leikanger
Mån og ons  kl.8-11
   kl.14-22
Tys og tors kl.14-22
Fre kl.8-11
kl.14-21