Treningsavdeling Leikanger
Nytt på Leikanger
Me har utvida tilbodet innan gruppetrening i vinter. Sarah kjem til å ha ein Yoga-flyttime annankvar onsdag kl 16.00 med oppstart 4.jan. Til dei som likar å gjera unna trening før jobb har me no eit tilbod til desse og... fredagar har Ingrid ein morgonsykkel-time kl 07.00. I tillegg til dette legger me og til ein ekstra sykkel 1 time på tirsdagar kl 19.30. Vel møtt til trening på Leikanger!
Idrettssenteret utvidar opningstidene på avd. Leikanger etter nyttår
F.o.m. måndag 02. januar vil Idrettssenteret utvide opningstidene for treningsavdelinga i Saften. Dei nye opningstidene vil sjå slik ut:
Måndag, onsdag: kl.8-11 og 14-22
Tysdag og torsdag: kl.14-22
Fredag: kl.8-11 og 14-21
Klatreveggen
Medlemar av Idrettssenteret kan nytte klatreveggen gratis måndag-fredag kl.1430-1700. Dette forutset at den som klatrar har brattkortbevis. Dette skal framleggast i resepsjon når ein registerer seg. I tillegg skal alle som klatrar fylle ut ein klatrelapp, som ein finn på resepsjonsdisken i treningsstudio. Klatreutstyr må ein ha med sjølv. Skal ein klatre etter kl.1700 lyt ein betale drop-in på 100 kr.
Seniorkaffi
Idrettssenteret arrangerar "seniorkaffi" for sine medlemar i Saften. Fast tidspunkt er fredagar kl. 11.15. Sosialt og kjekt!
Rabattordning på akupunktur
Alle medlemar av Idrettssenteret får 100 kr rabatt ved første behandling hjå "Akupunktøren" i Saften (2 etg.) på Leikanger. Hugs å ta med medlemsbevis!