Styrke og kraftutvikling
Muskelstyrke er definert som ein muskel eller muskelgruppe si evne til å utvikle maksimal kraft ved ulike aksjonshastigheiter. Testing av styrke bør vere ein sentral bit i treningsarbeidet både for mosjonistar og toppidrettsutøvarar. Ein styrketest vil leggje grunnlaget for rett intensitet/belastning i treningsopplegget, slik at ein i større grad er sikra eit betre treningsutbytte. Idrettssenteret kan tilby ulike testar av muskelstyrke.
1 Repetisjon maksimum (1 RM) testar
Denne testen har som føremål å finne den maksimale belastninga ein utøvar klarer å løfte ein gong i ei gitt øving. Kva muskelgruppe ein skal teste er avhengig av kva føremålet med treninga er for den enkelte. For ein idrettsutøvar bør ein difor gjere ein analyse av rørsla i den aktuelle idretten for å bestemme kva musklar som er sentrale i utføringa. T.d. vil det vere føremålstenleg for ein fotballspelar å teste styrken i beina då denne muskelgruppa er sentral i forhold til rørslemønsteret (sprint og hopp). Kva øving ein skal velje for å gje eit best mogeleg svar på korleis styrken er i den aktuelle muskelgruppa, må difor også vurderast ut i frå behovet til den som trenar. Døme på aktuelle øvingar er blant anna knebøy, benkpress, markløft, kroppsheving og skulderpress. I visse tilfelle er det ikkje føremålstenleg å teste 1 RM,som t.d. når ein person har ei bestemt liding eller ein skade som set begrensingar i høve tunge belastningar. Ein kan i staden teste X RM, som er det maksimale talet på repetisjonar ein klarer på ei bestemt belastning. Testen gir eit indirekte mål på personen sin 1 RM.
Testing av hastigheit, kraft og effekt utvikla på 4 belastningar:
Vi kan også tilby testing av muskelstyrke ved hjelp av Muscle Lab. Testen har som føremål å finne personen sin power (på norsk effekt). Ein muskel som trekkjer seg saman gjer dette med ei gitt hastigheit og ei gitt kraft. Når vi til dømes løfter tunge belastningar vil hastigheita på samantrekninga vere lav medan krafta vil vere høg. Etter kvart som den ytre belastninga fell, vil evna til å utvikle hastigheit auke. Effekt uttrykker i kva grad ein har evne til å gjennomføre ei rørsle med hastigheit og kraft samstundes. Maksimal effekt vert oppnådd når både kraft og hastigheit er ca. 1/3 av 1 RM. Testen kan i tillegg indirekte måle personen sin 1 RM.
Personen vert vanligvis testa på fire belastningar. Ei av belastningane skal vere svært lav og ei skal være svært høg. Ein får då kjennskap til forholdet mellom styrke og hurtigheit i strekkmuskulaturen. Testen kan gjennomførast i alle styrkeapparat.
For utøvarar som har behov for å utvikle stor kraft fortast mogeleg, t.d. ein spydkastar, er dette eit sentralt parameter å måle. Testen passar også for mosjonistar. Personar som ønskjer å finne 1 RM, men ikkje kan gjennomføre testen på grunn av ulike begrensingar, som blant anna beskrive ovanfor, er dette eit godt alternativ.
Har du spørsmål angåande testing, ta kontakt med Dag- Andrè Mo (testansvarleg)
E- mail: dam@idrettssenteret.no
Telefon: 906 13 795