Testing av hurtigheit og spenst
Hurtigheit
Hurtigheit kan definerast som evna ein har til å akselerere.
Testen vert gjennomført på tartandekket i Sognahallen. Målingane vert gjort av fotoceller(laser) som registrerar passering ved 10, 20, 40, 60 og 100 meter.
Tidene ved dei ulike fotocellene gir oss eit bilde på akselerasjonsevne og toppfart.
Testing av spenst
Spenst kan definerast som evna du har til å hoppe høgt eller langt.
Målinga vert gjort på kraftplattform som bereknar spensten ut i frå kroppsvekta og krafta ein sender ned i plattforma i satsaugeblinken.
Konktakt resepsjonen for spørsmål om testing av din hurtigheit og/eller spenst.