Testing
Ønskjer du å trena målretta og kvalitetssikre treninga di? Då gjer du lurt i å investera i ein test.
Regelmessig testing har ein naturleg plass i eit kvart seriøst treningsprogram. Viktige stikkord i høve testing er treningskontroll, motivasjon, samt justering av belastning og intensitet.
Idrettssenteret har eit nymoderne og topp utrusta fysiologilaboratorium der ein har moglegheit til å teste faktorar innan:
Idrettssenteret gjennomfører òg enklare indirekte testar som på ein enkel måte kan gi deg svar på forma di. I tillegg til testen har du som kunde krav på rettleiing og forklaring av testresultat i etterkant av test. Idrettssenteret har lang erfaring og høg kompetanse innan testing, og kan tilby testar som passar deg og dine behov.
Invester i ein test du òg, og få maksimalt utbyte av ditt treningsregime.
Førbuinga til testing bør vera mest mogleg lik frå gong til gong.
- Trening: Du bør unngå hard trening dagen før test, du bør ikkje trene tidligare på testdagen.
- Kvile: Du bør ha tilstrekkjeleg med kvile dagane før testen, samt unngå slitsame reiser.
- Tidspunkt: Det er fordelaktig at testane føregår til omtrent same tidspunkt på døgnet.
- Helse: Du må vera frisk under testinga. Avdi testen skal seia noko om kapasiteten din bør du ha vore frisk og i normal trening siste veka.
- Kosthald: Du bør få i deg mat og drikke i rett mengde og i rett tid i forhold til testen.
- Rusmidlar: Du må unngå tobakk, alkohol og andre rusmidlar dei siste 24 timane før test.
- Bekledning: Du bør ha same type klede og sko ved testane.
- Oppvarming: Eventuell oppvarming før test må være lik frå gang til gang. I nokre testar (laktatprofil) inngår oppvarminga som del av testprotokollen. Ved andre testar må du sjølv varme opp i 20-30 min.
- Informasjon: Du bør vera klar over korleis testen føregår og ha fått informasjon om testen.
- Helsekontroll bør verta utført i forkant av visse testar for visse testpersonar
I nokre tilfeller vil det vera aktuelt at du fyller ut eit spørjeskjema om førebuinga i høve mat, trening, overskot, sjukdom, skader, medisinbruk og motivasjon. Eldre personar og personar med risiko for komplikasjonar under testane, bør gjennomføre helsesjekk og fylle ut spørjeskjema i samråd med lege.
Her finn du informasjon om prisar på dei ulike testane.
Har du spørsmål angåande testing, ta kontakt med Dag- Andrè Mo (testansvarleg)
E- mail: dam@idrettssenteret.no
Telefon: 906 13 795