personleg Trenar

Personleg Trenar

Manglar du motivasjon i treninga? Har du problem med å oppnå måla dine? Ynskjer du å trene mest mogleg effektivt? Då kan Personleg Trenar vere tingen for deg!

I motsetnad til ein vanleg treningsinstruktør vil ein Personleg Trenar (PT) gje ei tettare og grundigare oppfølgjing av treninga. PT vil heile tida vere til stades for å rettleie, assistere og motivere deg. På denne måten vil du i større grad vere sikker på at du vil nå måla dine, og i tillegg realisere desse på ei kortare tid enn kva du ville ha gjort ved å trene åleine.

PT lagar eit individuelt opplegg som tek høgde for dine individuelle behov og begrensingar. I tillegg passar PT på at du som kunde får ei optimal trening gjennom systematisk å styre intensitet, varigheit og frekvens i treninga for eit best mogleg utbyte. Med andre ord er heile ideen med PT at du skal få optimalisert treninga di, og i tillegg ha med ein kvalifisert instruktør som syt for at treningane blir planlagde og gjennomførde mest mogleg effektivt.

Idrettssenteret kan tilby PT for både medlemmar og ikkje-medlemmar. Ein kan velje mellom PT Single, PT Duo og PT Gruppe timar. PT Singel er trening åleine saman med ein PT, mens PT Duo inneber at to personar trenar saman med PT. PT Gruppe er eit tilbod for både private og bedrifter, kor ein trenar eit større antal mennesker (maks 8 stk). Ein vel sjølv kor lenge ein ønskjer å nytte seg av PT. Vi kan tilby kontraktar på 5 og 10 timar.

Våre Personlege Trenarar har høg fagkompetanse. Dei har bakgrunn frå anten PT-utdanninga ved Norges Idrettshøgskole eller Høgskulen i Sogn og Fjordane. Vi har no 4 tilsette som er sertifiserte Personlege Trenarar. Du kan fritt velje mellom Vidar, Rune, Eva eller Dag-André.

Om du har spørsmål om personleg trening, ta kontakt med Rune Loven på tlf: 57 62 90 00 eller mail: rune@idrettssenteret.no for meir informasjon.

Under finn du prisar på personleg treningstimar:

Heilårsmedlem:                                                                  Ikkje heilårsmedlem:

5x 25 min:   1375,-                                                               5x 25 min:    1500,-

10x 25 min:  2500,-                                                              10x 25 min:  2750,-

5x 50 min:   2250,-                                                                5x 50 min:    2475,-

10x 50 min: 4000,-                                                                10x 50 min:  4400,-

Avdeling Sogndal

Mån og ons  kl.7-22
Tys og tors         kl.8-22
Fre            kl.7-21
Lør  kl.10-17 
Søn kl.13-19 

 


  

 

Avdeling Leikanger
Mån og ons  kl.8-11
   kl.14-22
Tys og tors kl.14-22
Fre kl.8-11
kl.14-21