Medlemskap og prisar
Regelmessig trening er naudsynt skal du ha effekt av den. Her på Idrettssenteret har du mogelegheit til å melde deg inn som heilårsmedlem til ei gunstig penge.
Vel ein å teikne heilårsmedlemsskap her på Idrettssenteret betalar ein innmeldingsavgift, i tillegg til dei to fyrste månadsavgiftene kontant ved innmelding. Dei neste månadane går trekka automatisk frå konto den 20. i månaden før. Du kan og kjøpe heilårsmedlemskap kontant for 1 år.
Dei ulike prisane på medlemssskap er:
- Ordinær medlem: 490,- innmeldingsavgift , 490 pr mnd. (12 mnd bindingstid)
- Pensjonistar: 490,- innmeldingsavgift, 395,- per mnd (12 mnd bindingstid)
- Studentar/elevar: 490,- innmeldingsavgift, 395 pr mnd (8 mnd bindingstid)
- HSF- idrettsstudenter: 490,- inmeldingsavgift, 220,- per månad (8 mnd bindingstid)
- Junior medlem: 490,- innmeldingsavgift, 190,- per månad (8 mnd bindingstid)
Bedriftsmedlemskap:
Når det gjeld bedriftsmedlemskap kan vi òg tilby gode prisar. Ta kontakt med Kolbjørn Rydvang på telefon: 915 54 150 eller e-post kar@idrettssenteret.no om du og bedrifta di har spørsmål om medlemskap og prisar.
Juniormedlemskap:
Er du i alderen 13-15 år kan du kjøpe deg juniormedlemskap. Då har ein tilgang til klatrevegg, squashvegg samt utvalgte gruppetimar (sjå webbooking). Medlemskapet kostar 190 kr per månad samt 490 kr i innmeldingsavgift (8 mnd bindingstid).
Gebyr
- Nytt kort kostar kr 35.
- Idrettssenteret har avtale med inkassoselskapet Creno, ved purring på betaling vert det lagt på purregebyr etter Creno sine satsar.
- Ein har 1 mnd gratis frysing av medlemsskapet per år, frysing av medlemskap utover dette kostar kr 100 pr trekkfrie månad. Melding må skje innan den 20 i månaden før ønska trekkfri månad. Frysegebyret må betalast kontant eller med kort i resepsjonen.
Bindingstid
Ein må gå ut bindingstida. Dersom skriftleg oppseiing ikkje vert levert fortset avtalen utover dei 8 evt 12 månadane. Det er 1 mnd oppsigelsestid, for å stoppe trekket ein spesiell månad gjeld same som ved for frysing.
For nærare informasjon kontakt resepsjonen på telefon 57 62 90 00, eller ved ta deg ein tur innom resepsjonen i opningstida vår. For kontantmedlemsskap, kontakt resepsjonen for informasjon.
Invester i helsa di du òg!
Prisar
Prisane inkluderar gjennomføring av testen og ca. 10 min rettleiing av resultat. Ekstra treningsrettleiing kan bestillast til kr. 500,- per time. Ta kontakt om du har eventuelle spørsmål.
Uthald
|
1
|
2-4
|
5<
|
| VO2maks |
500 |
450 |
400 |
| Laktaprofil |
800 |
700 |
600 |
Laktaprofil VO2maks
|
1100 |
1000 |
900 |
Styrke-,spenst- og hurtigheit
|
1
|
2-4
|
5<
|
Effekttest (styrke/spenst)
|
400 |
350 |
300 |
Spensttest (Bosco)
|
400 |
350 |
300 |
Hurtigheitstest (60 m)
|
400 |
350 |
300 |
1 RM test
|
400 |
350 |
300 |