Sogndal Idrettssenter

Treningsstudio

Idrettssenteret har oppgradert treningsstudio med utstyr for over ein halv million kr. Utstyret inkluderar ei linje med 6 nye "pure strength" apparat, 2 tredemøller, 1 arm ergometersykkel og ikkje minst årets nyheit "Kinesis one" som er eit ideelt verktøy for rehabilitering og medisinsk trening. Som om dette ikkje var nok, har Idrettssenteret kjøpt inn eit stativ for trening med R.O.P.E.S. der ein kan disponera opp til 4 sett med slynger samstundes. Stativet er lokalisert i gangen ved Squashbanene, kor du òg finn Bråsterk.

Med denne oppgraderinga har Idrettssenteret fått eit enno rikare utrusta treningsstudio med det nyaste utstyret innanfor bransjen. Studioet er oppdelt i 2 avdelingar med open løysing. I den første delen av lokalet finn du uthalds- og styrketreningsapparat med lukka vektmagasin.

Er målet å betre uthaldet kan du nytte deg av fleire ulike treningsformer. Me kan tilby 5 romaskiner, 7 tredemøller, 5 spinningsyklar (i tillegg til ein eigen spinningssal med 32 syklar), 2 elipsemaskiner, 2 wavemaskiner, 1 arm ergometersykkel og 6 ergometersyklar, samt nyheita "Kinesis one". I tillegg finn du eit stort utval av styrketreningsapparat kor du kan trene alle muskelgrupper.

Eit eige uttøyingsareal er òg tilknytta denne delen av studio. Her kan du i tillegg til å tøye ut, drive alternativ styrke- og rehabiliteringstrening. Studioet har 5 treningsslynger (R.O.P.E.S.), ulike balanseputer, medisinballar (2-8 kg) og diverse fitnessballar.

I den andre avdelinga kan ein nytte seg av eit stort frivektsområde med tilhøyrande utstyr som 1 knebøystativ, 1 benkpressbenk, 5 lause benkar, 1 Slide-maskin, ei linje med 6 nye "pure strength" apparat, stativ med 1-40 kg manualar, samt over 1000 kg i skivevekter m.m.

Idrettssenteret har no opna eit nytt styrkerom i underetasjen. Her finn du 4 knebøystativ, 3 benkpressbenkar, 1 skråbenk, 2 platningar, 1 powerrack, samt 1,5 tonn skivevekter. Alle som skal nytte styrkerommet må vera medlem av Idrettssenteret og registrere seg i resepsjonen før trening.

Andre tenester Idrettssenteret kan tilby er mellom anna:

Sjå her om du vil finne ut meir om medlemsskap og prisar.

Avdeling Sogndal

Mån og ons  kl.7-22
Tys og tors         kl.8-22
Fre            kl.7-21
Lør  kl.10-17 
Søn kl.13-19 

 


  

 

Avdeling Leikanger
Mån og ons  kl.8-11
   kl.14-22
Tys og tors kl.14-22
Fre kl.8-11
kl.14-21