Bedriftsserien i squash 09/10
Squash er eit racket-spel som spelast i ein sal, der ein slår ein ball (2 og 2) mot ein vegg. Squash er ein intens idrett og ein svært god aktivitet å bygge opp forma med. Spelar ein squash regelmessig, vil ein halde seg i god form. Det er ikkje uvanleg å forbrenna mellom 700 – 1000 kaloriar i løpet av ein times spel. Hugs på at ein brukar både armar og bein.
Vi ser føre oss to seriar beståande av eit antal lag i kvar divisjon, med 2 spelarar pr. lag. Eit lag kan bestå av 2 menn, 2 kvinner, evt. mann og kvinne. Ein bedrift kan stille med fleire lag.
Det er ikkje nødvendig at spelarane på same lag kjem frå same bedrift. Vi vel same modell som før.
Skilnaden frå i fjor er at vi set opp laga jamt fordelt høve ferdigheitsnivå, i 2 avdelingar. Vi håpar at det kjem til nye lag, slik at vi kan få med fleire spelarar i årets sesong.
Sesongen har vi tenkt skal vare frå primo oktober til primo april, der vi reknar med ein kampdag kvar 14. dag, og til saman 8 - 12 kampar pr lag, avhengig av tal påmelde lag. Sidan det blir 2 avdelingar blir sluttspel arrangerast.
Det møtast 2 lag kvar kampdag, 4 personar. Ein kampdag har ei tidsramme på 90 minuttar. Dette innbefattar oppvarming, gjennomføring av 4 kampar, pausar, byte av bane etc. Begge banene disponerast. Ein kamp spelast best av 3 sett, der kvart sett går til 11 poeng. (Nytt for sesongen 2009-2010 er at ein får poeng på alle ballar).
Reglane for squash, samt lokale tilpassingar, kjem vi attende til. For dei som ikkje har squash-racket, så har Idrettssenteret dette til utlån. Pris kr 30 for racket og ball.
Prisar for bedriftsserien i squash 2009-2010, er som følgjer:
Kr. 200.- pr. lag pr. kampdag. Kr. 100.- pr. person. Kr. 50 pr. kamp pr. person.
(Alle kampene fakturerast samla, og evt. sluttspel er med i prisen. Faktura sendast til bedrifta/bedriftene de representerar. ).
Dette er eit sosialt tiltak for bedriftene på Campus samt sponsor/ medlemsbedrifter, som nettopp du kan få ta del i. Tenk så kjekt med ein eigen sosial bedriftsserie i squash, på ”huset”. Vi vonar dykk set pris på eit slik tiltak, og gler oss til å høyre frå dykk.
Dersom dette er av interesse tar dykk kontakt med ein av undertegna 10. oktober. Om der er spørsmål, berre ta kontakt med oss.