Hallaktivitetar
Fotballbana
Sognahallen er bygd for fotball heile året. Fotballflata er 105x68 meter. Fri høgd på midten er om lag 24 meter, og ved sidelinjene ca. 12 meter. Tribunekapasiteten under ein fotballkamp er om lag 2500 personar. Sogndal Fotball gjennomfører det meste av treninga og kampane sine vinterstid i Sognahallen. I tilegg er hallen sjølvsagt arena for både trening og kampar for dei andre laga i Sogndalsregionen. Haust- og vintersesongen vert det arrangert ei rekkje fotballturneringar i Sognahallen. Målgruppene er mange, alt frå aldersfastlagt fotball til junior-, dame-, bedrifts og seniorfotball.
Handballbaner
Hallen kan delast opp med skiljeveggar til 3 handballbaner og ei halv fotballbane. På to av dei tre handballbanene ligg det sportsdekke deler av vinteren, og den eine bana har resultattavle og tidtakingssystem. Tribunekapasiteten ligg på omkring 500 tilskodarar.
Friidrett
Den eine langsida i Sognahallen har 6 løpebaner på 100m. Desse har tartandekke og er utstyrt med fotoceller for tidtaking kvar 10. meter. I enden av hallen, ved klatreveggen, finn du ei lengdegrop. Sogn og Fjordane Friidrett arrangerar friidrettstemne årleg.
Klatring
Klatreveggen har utfordringar for alle nivå. Nye ruter vert sette kvar veke. Høgste modul på veggen går opp til 18 meter.
Vi kan òg tilby instruktør dersom det er ynskjeleg.
Om du har spørsmål om prisar eller om du lurer på noko, ta kontakt med Anne Vedvik.
E-post:
av@sognahallen.no
Telefon:
5762 9000