Ein av Noregs beste klatreveggar
Klatring i klatreveggen er inkludert i eit medlemskap på Idrettssenteret i Sognahallen. Alle som klatrer i klatreveggen må inneha Brattkort eller være i følge med en som har Brattkort. Barn under 15 år må være i følge med en voksen. Hugs at du alltid registrerar deg i resepsjonen før du klatrar i veggen, buldrer eller bruker campusbrettet.
Grupper i veggen: Alle som skal ha med seg grupper/kurs i klatreveggen skal ta kontakt med larsole@idrettssenteret.no for å booke tid og avklare HMS.
Ved manglande eller ugyldig medlemskap vil ein bli ilagt bot på kr 300. Hugs at du alltid må registrera deg hjå oss før du klatrar.
Klatrekurs
Veggen har utfordringar og plass til alle. Fra dei heilt enkle rutene til ruter som ingen klarer på første forsøk. Åpningstider for klatreveggen er de samme som i treningsstudio. Veggen er bygd av Tjelmeland Friksjon og er unik i verdsamanheng.
Klatreveggen i Sogndal er 18 meter høg og 750 m² stor. Trekantsystemet til Tjelmeland Friksjon utgjør veldig mange forskjellige vinklar. Det gjør det ekstra vanskeleg å lese ruten frå bakken, sjølv om ein kjenner igjen klatretaket er det umogleg å seie akkurat korleis det vil kjennast ut på veggen. Veggen er den desidert bratteste i Noreg.
Bratt klatring er sjølvsagt veldig fysisk, men på grunn av trekantsystemet er rutene også veldig tekniske. Det vil seie at det ofte finnast fleire løysinger for å komma seg opp. Veggen har omtrent 50 forskjellige ruter og det henger slynger på alle. Veggen er malt med et tynnt lag friksjonsmaling, fordi det ikkje skal være mogleg å stå der ein vil, men der ruteskruaren har sett eit tak. I likskap med alle moderne vegger er det ingen struktur, igjen for å gje ruteskruaren større fridom.
IMAGES COMING HERE
Veggen sto ferdig i 2006 og vart sett på som forut for sin tid. Veggen blir framleis sett på som Nordens desidert beste klatrevegg. Vanskeligeheitsgradene på rutene varierar frå 5 til 9, noko som skulle dekke dei fleste sitt behov. Veggen tilbyr alle typar klatring; frå nesten vertikalt, til takoverheng. Rutene er markert med farge eller teip. For å klatre bør ein ha tau på 50 meter, sidan ein skal både opp og ned. Dessutan kan rutene traversere, noko som kan kreve lengre tau.
For mer info om klatring i Sogndal se sogndalklatreklubb.no in english click here