Sogndal Idrettssenter

Viktig ved booking

Booker du deg på gruppetimar ved hjelp av internett bør du lese dette.

Svartelisting når ein ikkje møter til booka time

I dei siste månadene har vi opplevd at fleire ikkje møter til dei timane dei har booka seg inn på. Som ein konsekvens av dette har vi nå innført svartelisting. Det vil seie at om ein ikkje møter til booka time vert ein ført på svartelista. Ved tre slike tilfelle mistar ein retten til å booke seg på timer via internett for ein månad.

Det er derfor viktig at du kryssar deg av på lista som ligg i resepsjonen samt at du dreg medlemskortet ditt når du kjem til timen.

Vi håpar at alle har forståing for at vi gjer dette slik at flest mogleg skal ha sjansen til å booke seg og bli med på timane våre.

Avmelding av time

Om du ikkje kan møte til booka time er det viktig at du melder deg av timen, dette må gjerast seinast 3 timar før timen startar. Avmeldinga gjer du på heimesidene våre. Du treng då referansenummeret som du får når du booker deg på timen. Hugs difor alltid å notere ned referansenummeret når du booker deg på ein time. Om du skulle ha mista dette referansenummeret så kan du ringe til resepsjonen på Idrettssenteret så vil vi hjelpe deg med å melde deg av timen.

Vi minnar òg om at booka plassar som ikkje er kryssa ut 5 minutt før timen startar vert frigitt til andre kundar.

Avdeling Sogndal

Mån og ons  kl.7-22
Tys og tors         kl.8-22
Fre            kl.7-21
Lør  kl.10-17 
Søn kl.13-19 

 


  

 

Avdeling Leikanger
Mån og ons  kl.8-11
   kl.14-22
Tys og tors kl.14-22
Fre kl.8-11
kl.14-21