Sykkel
Sykkel er ein form for saltrening der stemninga er høg og ein trenar til fengjande musikk. Treninga vert leda av ein engasjert og inspirerande instruktør som gir deg rettleiing om rett teknikk og posisjonar.
På kvar einskild sykkel kan du justera motstanden du jobbar med og dermed simulera ulike typar terreng eller regulera intensiteten. Du avgjer sjølv til ei kvar tid kor mykje motstand du vil ha på sykkelen din og du kan difor trena så hardt du ynskjer. På denne måten kan både du som er godt trena og du som er nybegynnar få like bra utbytte av den same timen. Ein sykkeltime krev minimalt med koordinasjon, og er difor ei form for trening som passar dei fleste. Dette er uthalds- og forbrenningstrening på sitt mest effektive.
Nedanfor finn du ein oversikt over dei ulike sykkeltimane Idrettssenteret tilbyr:
Sykkel 1: 45 min lystbetont og inspirerande uthaldstrening med moderat intensitet. Timen høver for alle.
Sykkel 2: 60 min uthaldstrening med variert og røff musikk. Timen høver for deg som har trena ei stund.
Sykkel 3: 75 min hard og tøff uthaldstime. Om du er godt trena og likar å sykle, er dette timen for deg.
Sykkel intervall: 60 min uthaldstime lagt opp med ulike typer harde intervallar og perioder lett/ moderat sykling. Timen passar for dei som har sykla ein del og som ynskjer ein hard og effektiv uthaldsøkt på sykkel.
Sykkel 4: Time for deg som vil opparbeide styrke og teknikk på sykkel. Passar for deg som har sykla ein del og som ynskjer å halde sykkelformen oppe fram mot sommaren.