Kiropraktor

Andreas Foss har tatt utdanninga si i England og har i tillegg til kiropraktorutdanning, ei vidareutdanning innan idrett og rehabilitering. Han kan tilby både ledd- og bløtdelsbehandling med triggerpunkt-terapi, nåler og kinesiotape. 


Som primærbehandlar har Andreas moglegheit til å sjukemelde samt vidaresende pasientar til billeddiagnostikk (CT, MR, røntgen osb) og spesialistar. Med andre ord treng ein ikkje henvisning frå lege for å bestille time.


Andreas er også ein del av Sogndal Fotball sitt medisinske team. Fotball er for øvrig noko han har erfaring med frå tidlegare då han var kiropraktor for Follo Fotball.


Andreas er tilgjengeleg på Campus tre til fire dagar i veka og då primært på dagtid. Om du ynskjer å bestille time kan du ringe han på mobil: 400 92 219.


Konsultasjonspris:

Fyrste gong: 500 kr

Påfølgande: 350 kr (300 kr for medlemmar ved Idrettssenteret)

Avbestilling av timar må skje seinast eit døgn før avtalt tid, elles bereknast fullt honorar.

Avdeling Sogndal

Mån og ons
kl.7-22
Tys og tors
kl.8-22
Fredag kl.7-21
Laurdag
kl.10-17
Søndag kl.12-19
9. og 20 mai: kl.12-19
1. og 17.mai: Stengt
Avdeling Leikanger
Mån og ons
kl.8-11
kl.14-22
Tys og tors
kl.14-22
Fredag kl.8-11
kl.14-21
9. og 20 mai. kl.12-19
1. og 17.mai: Stengt